Aktivitetar for heile familien
– heile året!

Langhaugen Hyttefelt ligg stille og roleg til i flott natur, tett på det store høgfjellsområdet Setesdal Vesthei. Fjellet byr på storslagne naturopplevingar, mykje kulturhistorie og gode moglegheiter for fiske og matauke. Der finn ein med anna Europas sørlegaste villreinstamme og eit rikt dyreliv. I barmarkssesong er det ein rekke turmoglegheiter i lokalmiljøet, og vinterstid går det preparerte skiløyper rett gjennom hyttefeltet. Om ein søkjer meir fartsfylte eller urbane aktivitetar, så er det bare 15 minutt å køyre til Hovden med alpinanlegg, badeland og eit rikt utval av butikkar og serveringsstader.  

  • Turløyper

    Frå snøen smeltar og frem til vinteren melder sin åtkomst igjen, byr høgfjellsområdet kring Langehaugen på varierte turmoglegheiter. Den gamle «Ålmannvegen» som strekk seg frå Bykle til Hovden går gjennom hyttefeltet, og ein er tett på eit nett av merkte høgfjellsløyper. Langehaugen er eit godt utgangspunkt for vandreturar til Urar, Tjønnbrotbu, Sloaros eller kortare turar i nærliggande støylsmiljø.

    Les meir om turtilbodet her.

  • Skiløyper

    Langhaugen er eit fantastisk utgangspunkt for både korte og lange skiturar. Maskinpreparerte løyper går rett gjennom hyttefeltet. Så for hyttefolket på Langehaugen er det bare å spenne på seg skia ved hytta, og legge ut på tur. Løypene byr på flotte naturopplevingar og er tilpassa alle aldrar og ferdigheitsnivå.

    Løypekart og informasjon om skiløypene finn du her.

  • Fiske og matauke

    I gamle tider levde fjellfolket av det garden kasta av seg, og matressursane dei kunne jakte, fiske og sanke i naturen. Mykje har endra seg sidan då, men naturen er fortsatt eit rikhaldig spisskammer. I nærområdet kring Langehaugen er det gode mogligheiter for fiske etter fjellaure i Otra og fjellvatn, og sanking av urter, molter, tytebær og blåbær. Men det er òg mogiligheiter for dei jaktinteressera. Fleire grunneigarar i området selger både småviltjakt og reinsdyrkort. Naturopplevinga får du med på kjøpet.

  • Bademogligheitar

    I nærleiken av Langehaugen finn ein mange flotte badestader sommartid. Otra ligg bare nokre minuttar unna og det er ein rekke tjern i området. Dessutan ligg det både det flotte badeområdet på Hengi med flytebrygge og aktivitetar, og Hovden Badeland bare 15 minutt unna.

  • Sykelturar

    Nasjonal sykkelrute 3 ligg tett på Langehaugen, og det er ein rekke grusvegar og stier i nærområdet som er godt egna for sykling. Det gjør Langehaugen til eit godt utgangspunkt for sykkelturar for heile familien. Dei som ønskjer fart og spaning finn gode downhill løyper på Hovden.

    Les meir om sykkeltilbodet her.

  • Alpint

    Hovden er eit eldorado for dei alpint-interessera. Der finn ein ein rekke nedfarter tilpassa alle ønskje, aldrar og nivå. Hovden Alpinsenter ligg bare 15 minutt kjøretid frå Langehaugen. I sesong stoppar skibussen i nærleiken av hyttefeltet.

    Les meir om alpintilbodet her.