Tradisjonar og fornying
Hoslemo er ein typisk fjellgard med beskjedene innmarksområde og store utmarksområde. Hoslemo-slekta har levd på garden samanhengande sida 1600-tallet. I dag er det Tallak Hoslemo og kona Kristin som driv garden, men om litt skal sonen Kliff Erik take over.
Nigard Hoslemo er ein typisk fjellgard. Den har vore i Hoslemo-slekta sidan 1600-talet
Det er slik det er med slektsgardar. Dei vert ført vidare frå den eine generasjonen til den neste, og med det kjem ein forplikting som både strekker seg til dei som var før og til dei som kjem etter. Kvar generasjon blir eitt med historia og tradisjonane, men set og sitt merke på garden for å gjere han så attraktiv som mogleg for nye generasjonar. Tallak og Kristin sitt merke, har vore å utnytte deler av utmarksområdet til hytteutbygging.
Hoslemo Eigedom vart starta opp i 2016 for å utvikle hyttefeltet ved Langehaugen. Ikkje langt frå hyttefeltet ligg det eine støylen som høyrar til Hoslemo-garden. Der har tidlegare generasjonar haldt buskapen sommarstid, og Tallak og Kristin har sjølv hatt sauer i området. Sauedrifta er eit avslutta kapittel, og dag nyttar dei den flotte naturen til jakt og rekreasjon.
Tallak Hoslemo og kona Kristin starta opp Hoslemo Eigedom i 2016 for å utvikle hyttefeltet Langehaugen.
Området betyr mykje for ekteparet, og det er viktig for dei å utvikle hyttefeltet med omsyn til den omkringliggande naturen og rikhaldige kulturhistoria. Dei ynskjer å gjere det på eit vis som gjer at framtidige generasjonar vil nikke anerkjennande. Då må ein tenke berekraftig og framtidsretta, men samstundes med vyrdnad for det som har vore.